Slåttehøyr og spelesoge frå ulike tider.
Slåttespill på hardingfele har blitt formet og videreført gjennom generasjoner, ofte uten noter, men med sterk hukommelse og skaperglede. Spelemenn reiste mellom bygder og landsdeler for å lære nye slåtter og utvikle egne stilarter. I konserten Slåttehøyr og spelsoge frå ulike tider presenterer Øyvind Erling Brabant og Knut Buen slåtter og fortellinger inspirert av vennskap, folketoner, dans og tradisjon. Her møtes historier og musikk fra Hallingdal og Telemark i et varmt og levende uttrykk. Les hva de selv skriver om konserten her:
«Slåttespel på hardingfele har vore dikta og formidla, etter minne og skaparhug, gjennom alle tider det har vore praktisert. Spelemenn for bygdimellom på oppdragsferd og leit etter å auka slåttekunne i både heimlege distrikt og over fylkesgrenser til andre særeigne tradisjonsområde for felespel. Soleis blei det ein stor variantrikdom til av dei fleste slåttar, både i høve taktvariasjon, speldialektar og ulike gradar av både tildiktning og evne til å hugsa utanåt.
Nokre spelemenn hadde notekunnskap og ein del musikkteoretisk daning, men langt på veg dei fleste, mangla dette. Dei utvikla difor aukande evne til å minnast både musikk og sogur i munnleg overlevering og truverdig tradisjon. Alt dette munna ut i skapande og personleg formgjeving, spelemenn og speldialektar imellom.
Slåttemusikk i Hallingdal og Telemark er inga unnatak. Døma på dette finst høyrbart i levande spelpraksis og notefest i bokverket Norske hardingfeleslåttar. Men det er også laga slåttar inspirert av venskap i miljøa, folketonar, dans og spel gjennom tidene. Kollegaene Øyvind Erling Brabant og Knut Buen vil taka for seg relasjonar i forteljing og slåttar innom denne emnekretsen i konserten
Mykje har endra seg i skikk og bruk gjennom hundreåra, men det melodivakre, taktborne og stilige i folkesong, slåttespel og dans er vedvarande i kjærleiken som ligg i hugteken dyrking og praksis den dag i dag.»
Arrangører: Nes spel og dansarlag og Nesbyen konsertforum
Pris: 280 ,- (eks. avg)
Hagaled Gjestegård